Visuell kommunikasjon
4. steg:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne bruke enkle funksjoner i digitale bildebehandlingsprogram
7. steg:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt
Vi ser altså at elevane møter biletredigering relativt tidleg i skulen. Det er difor viktig at lærarane har nødvendig kunnskap, og at det finst redigeringsprogram for bilete som kan nyttast på ulike alderstrinn. Å redigere bilete kan gje meirverdi i undervisninga, og knyttast til mange ulike fag og emne.
Å finne eit redigeringsprogram treng ikkje vere ei uoverkommeleg oppgåve. Ikkje treng det å koste noko heller, (hurra)! Det at ein vel ei programvare som er gratis kan faktisk vere meir positivt for elevane; ei gratis programvare er som regel lettare å bruke. Dyre programvare har ofte mange funksjonar som er altfor avanserte for elevane i grunnskulen.
Eg vil her vise fram gratisprogramma Picnik og Picasa. Piknik er eit redigeringsprogram som du nyttar på nett (gratisversjonen gjev deg 1 GB lagringsplass). Det som er veldig viktig før ein set i gong med eit slikt opplegg med elevar er at dei tenkjer gjennom kven som skal sjå det, og kan reglar for deling av bilete!
Eg har i dette dømet gått inn på Flickr og henta eit bilete som eg ynskjer å redigere. (Kopierte url-adressa fra Flickr, limte den inn i Picnik; Library; Get from web site).
Slik såg biletet ut før redigering:
Eg valde å beskjære (crop) biletet fyrst, og så redigerte eg storleiken (resize) til 1024x768:
Eksponerings- og kontrastendringar:
Endra "temperaturen":
No er eg tilfreds med biletet mitt, og tek difor og lagra biletet (Save&Share --> Picasa web albums):
Då kjem eg til Picasa, og vel kven eg vil dele biletet med; utvalde vennar og kjende, privat eller for alle. Eg vil dele dette med heile verda!
Picasa er som sagt eit gratisprogram - frå Google. Du kan både arbeide på nett, eller laste ned programmet til datamaskina di. Du har heile tida moglegheit til å laste opp eller gå attende og redigere bileta; anten på datamaskina, eller som her på Piknik.
- Inga
-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar