Tanken bak digitale mapper er at elevane skal leggje dei digitale arbeida sine i ei mappe. Denne mappa vil fungere som eit arbeidsverkty langs med; elevane kan hente fram att og arbeide vidare med tidlegare arbeid, og slik auke kompetansen og kunnskapen innanfor ulike fag og tema. Ny informasjon vil bli lagt til det dei allereie kan. I tillegg kan elevane få tilsyn i andres mapper, og omvendt, og slik få innsikt i andre sine tekster og arbeid, og reflektere og samtale rundt dette.
Dei digitale mappene kan samanliknast med ein CV, der du har samla det du har gjort gjennom fleire år i skulen, i tillegg til at det viser utviklingsprosessen som eleven har vore igjennom.
Målet med digitale mapper:
Den skal bli et sted for samarbeid, deling av kunnskap og læring. (Karlsen og Wølner, 2009:27)
Digitale mapper er eit flott arbeidsverkty, men ein må ikkje gløyme den ”usynlege” portofølja (Karlsen og Wølner). Den ”usynlege” portofølja vil seie all den kunnskapen, erfaringane og kompetansen vi har lagra i eige minne. Dette er kunnskap som vi har tilegna oss på ulike måtar, gjennom handling, oppleving, dialog og aktivitet. Kunnskap blir tolka og kopla saman med det vi allereie veit, og slik vil vi utvikle oss og tilegne oss ny kunnskap. Altså; det vi hugsar frå tidlegare hentar vi fram og byggjer vidare i nye læringssituasjonar.
Utan den ”usynlege” portofølja vil fysiske mapper vere verdilause. For det er på denne arenaen vi tenkjer, reflekterer, har dialog og samarbeid.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhHq2yGGtJ08B70OHgSjS8030_RH56mTFSKlzFndoan7xnsA5QFOJ40LBbCXOst6yeCG2EZh3F_nCJ2LfTAFNmo5a8MV_GA7uWJDUez_ZNIl85tr4XxgYgJHQOEr6_W4wTpJXSPw8SltSA1/s320/ePortfolios.jpg)
Formålet med digitale mapper er sjølvsagt eit auka læringsutbytte. Vi må difor bruke vår ”usynlege” portofølgje til framhenting av kunnskap og dugleikar som vi nyttar i refleksjon rundt innhald og oppbygging/endring av ei digital portefølje. Og vi bruker kunnskap i refleksjon rundt mappeinnhaldet til andre, og i dialog/samarbeid for tileigning av ny kunnskap. På denne måten blir mappa digitalt dynamisk (Karlsen og Wølner).
Tidleg bruk av digitale mapper gjer at elevane blir digitalt kompetente i ung alder. Gjennom dette arbeidet aukar også moglegheita for å jobbe med samansette eller multimodale tekster.
- Inga
________________
Karlsen, A. V. og Wølner, T.A. 2009. Den femte grunnleggende ferdighet. Oslo: Gyldendahl
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar