Lyd som del av ei multimodal tekst er ikkje lenger noko nytt i skulen. Men korleis kan ein få til dette på ein god måte? Korleis kan lyd gje meirverdi til opplæringa?
Fleire skular har teke i bruk lydopptak som ein del av leseopplæringa. Elevane les inn korte tekstar, høyrer på den, og les evt inn på nytt. Elevar kan òg lese inn ei ukjend tekst, så øver dei på den, og les ho inn på nytt. I tillegg er dette eit flott verkty til å øve på rett uttale av ord, både norske, engelske ++. Mange av oss hugsar sikkert språklab'en frå vidaregåande?
Poenget her blir at elevane høyrer forbetringa si. Dette er veldig konkret, og eg meiner at dette kan vere motiverande for mange elevar til å gjere ein betre innsats med lesinga.
Som nemnt over kan lyd nyttast som ein del av multimodale tekster. Eit alternativ til å ha ei skriftleg tekst til bileta, kan vere at teksta blir lese inn på ei lydfil. Da får elevane moglegheit til å øve seg i redigering også. Om vi ser på Læreplanen så er det mange kompetansemål som kan knyttast til bruk av lyd.
Audacity er eit relativt greit lydprogram å bruke - og så er det gratis! Eg ser for meg at yngre elevar kan bruke enkle funksjonar i dette programmet - etter å ha fått opplæring. Som lærar kan denne sida vere nyttig for å få rettleiing (svensk).
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEisnG7t2vvmfhy7wgbqvNS9fKzWXKoT44k5jH6HCZ1evfxqoZDRjDq2fm-f_yeFLkOQzU14boRyIewuTSn3XgDQXDHr_0goklULBVbVI_6HSBlmPzkxrZV32HjGv0zAtOZ5go3iLeEfqp66/s200/blurb_audacity.jpg)
Eg har laga ei lydfil i Audacity som eg har lese inn, redigert og formatert til ei mp3-fil. Det de høyrer er segnet om Jutulen frå Vågå. Lydfila kan du høyre her.
- Inga
Flott arbeid da! Neste gang jeg kjører østover skal jeg jammen inn på gamlevegen for å se etter smørklatten og kjærra. Fin løsning for å få publisert fila også. I DKL104 kommer vi inn på flere slike løsninger.
SvarSlett