Når elevane nyttar ulike digitale læringsressursar må ein ha klart kva målet skal vere:
Prinsippet bak hypertekst er at ein kan skumlese gjennom store mengder tekst, og velje emne etter interesse. På denne måten vil ofte hypertekster gje ulike opplevingar etter som kven som les han. Ein god hypertekst gjev deg mykje (generell) informasjon, samtidig som du kan fordjupe deg (t.d. avisartiklar). Ulempa er sjølvsagt at ein kan gå seg ”vill”.
Det krev at elevane er såpass gode lesarar at dei kan gå ut av teksten og få tilleggsinfo., for så å vende attende og fortsetje lesinga. Om ein ynskjer å bruke dette på dei yngre klassestega, er det viktig at elevane får opplæring/rettleiing om korleis ein bruker desse sidene rett. Elles er det lett å koma på villspor.
Bertulf og hunden 1 er døme på hypertekstualitet der elevane ikkje kjem like fort på avveie.
Multimodale (samansette) tekster treng fleire medium å støtte seg til for å formidle bodskapen; tekst, bilete og lyd er avhengig av kvarandre. Ei godt døme på multimodale læringsressursar er Scoop Junior: Numbers 10-100 2.
Når ein skal lese tekst frå skjerm, kan lesinga fort bli usamanhengande. Elevane i dag er trena opp til samanhengande lesing gjennom lærebøkene, men med alle dei nye media er det behov for at ein også lærer elevane usamanhengande lesing. Gjennom hypertekst, interaktive og multimodale tekstar vil ein kunne gjere læringssituasjonane meir varierte og meir motiverande for elevane.
For meir utfyllande lesing om interaktive tekstar, trykk her.
_________________________________________________________
1 Teksta er skreve av to elevar på mellomsteget ved Sørdalen skole. Dei har laga ei forteljing om ein gut og hunden hans. I historia er det fleire hyperkoplingar som lesaren kan gå inn på for å få vete meir om t.d. personane som er med.
2 Scoop sine læringsressurssider. Her ser vi at bileta viser tala med siffer (bilete), bokstavar (tekst) og tale (lyd).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar