![](http://www.cms-antonak.sk/images/faktura/paragraf.gif)
For å skilje frå kvarandre:
Åndsverk har ingen klar definisjon, men det er verk av einkvar art eller uttrykksmåte, så sant det har ein skapande innsats frå opphavsmannen (eller kvinna) si side (verkshøgd). Den som skapar eit åndsverk har opphavsretten til verket, og denne oppstår automatisk idet verket blir skapt.
Åndverkslova 1961 §40: Opphavsretten varer i opphavsmannens levetid og 70 år etter utløpet av hans dødsår.
Opphavsretten gjeld over heile verda. Eineretten sikrar opphavsmannen moglegheit for eit utbytte av innsatsen.
Personvern er til for å beskytte det enkelte individ. Det å kontrollere informasjon om seg sjølv og kva informasjonen skal brukast til, og ikkje minst behovet for å vere privat er viktige aspekt ved personvernet.
…men kan vi ikkje publisere noko, da? Det finst nokre unntak der t.d. eit fotografi (med bilete av ein person utan samtykke) kan visast:
- Biletet er av allmenn og aktuell interesse
- Biletet av personen er mindre viktig enn hovudinnhaldet
- Biletet viser forsamlingar, eller andre hendingar som har allmenn interesse (demonstrasjonar, folketog o.l.)
- Reklame for verksemda til fotografen (med mindre den det er bilete av nedlegg forbod)
… enda eit men: Det er lov å bruke hovudet! Om du er usikker, spør!
- Inga
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar