lørdag 27. november 2010

Cloud computing

Cloud computing (”nettsky”) er internettbasert databehandling; som delte ressursar, programvare og informasjon - som blir gjeve til datamaskinar og andre einingar ved behov.

Mange av oss bruker slike nettskyer, mellom anna kan dette vere Google, Picnik, Picasa, Mindomo.. Nettskyer knytt til undervisning er på tur inn i norsk skule, ved at ein nytter slike ressursar som lagrar arbeidet i ”det store intet” (serverar).

Det er mange positive sider med nettskyer:

  1. Låge krav til infrastruktur
    Ein lyt sjølvsagt ha PC med tilkopling til Internett
  2. Det er tilgjengeleg, "uansett" kvar du er
    Ein er ikkje låst til bestemte maskiner
  3. Det er lett å dele arbeidet sitt med andre (om ein ynskjer det)
  4. Det er mindre sårbart
    Om du skulle få datakrasj er arbeidet ditt likevel er lagra
Eg har sjølv sveva på nettskyene, og må seie at eg likar det! Det opnar for nye måtar å arbeide på, det er greit å bruke, lett tilgjengeleg og (stort sett) påliteleg.

- Inga


Lovane er der FOR oss, ikkje MOT oss!

Lovane er der, som kjend, for å beskytte rettane våre. Vi er heile tida i utvikling, men lovverket er (ganske) konstant. Innan for publisering på Internett er det hovudsakleg Personvern og Åndsverksloven (Opphavsretten) som gjeld. Lovane er til for å beskytte oss (personvern), og for ar vi får rimeleg vederlag for vår skapande innsats (opphavsrett).

For å skilje frå kvarandre:

Åndsverk har ingen klar definisjon, men det er verk av einkvar art eller uttrykksmåte, så sant det har ein skapande innsats frå opphavsmannen (eller kvinna) si side (verkshøgd). Den som skapar eit åndsverk har opphavsretten til verket, og denne oppstår automatisk idet verket blir skapt.

Åndverkslova 1961 §40: Opphavsretten varer i opphavsmannens levetid og 70 år etter utløpet av hans dødsår.

Opphavsretten gjeld over heile verda. Eineretten sikrar opphavsmannen moglegheit for eit utbytte av innsatsen.

Personvern er til for å beskytte det enkelte individ. Det å kontrollere informasjon om seg sjølv og kva informasjonen skal brukast til, og ikkje minst behovet for å vere privat er viktige aspekt ved personvernet.

…men kan vi ikkje publisere noko, da? Det finst nokre unntak der t.d. eit fotografi (med bilete av ein person utan samtykke) kan visast:

  1. Biletet er av allmenn og aktuell interesse
  2. Biletet av personen er mindre viktig enn hovudinnhaldet
  3. Biletet viser forsamlingar, eller andre hendingar som har allmenn interesse (demonstrasjonar, folketog o.l.)
  4. Reklame for verksemda til fotografen (med mindre den det er bilete av nedlegg forbod)

… enda eit men: Det er lov å bruke hovudet! Om du er usikker, spør!


- Inga

torsdag 25. november 2010

Blooms taksonomi

Læreplanen har sine vurderingar, altså kompetansemåla for kva elevane skal kunne etter (2.steg), 4. steg, 7. steg, 10. steg og vidaregåande. Det er sjølvsagt naudsynt å bryte desse kompetansemåla ned i delmål, men slik at ein likevel kan grunngje vurderingane av eleven. Eit verkty for å få til dette kan vere Blooms taksonomi.


Eg vil i dette innlegget ta utgangspunkt i nettopp Blooms taksonomi for å bryte eit kompetansemål ned til delmål. Måloppnåinga blir delt inn i tre vurderingskriterium: under middels grad, middels grad og over middels grad.

Det er viktig at elevane veit kva som er forventa av dei, slik at dei veit kva som må jobbast med. Mål må presenterast i lag med oppgåvene elevane får, slik vil ein unngå misforståingar, samtidig som at måloppnåinga kan bli høgre hjå fleir. Kanskje kan elevane sjølv vere med på å utvikle vurderingskriteria for til dømes ulike gruppeoppgåver? Då set dei seg betre inn i kva som skal til for å oppnå høgare måloppnåing.

- Inga

Digitale mapper

Tanken bak digitale mapper er at elevane skal leggje dei digitale arbeida sine i ei mappe. Denne mappa vil fungere som eit arbeidsverkty langs med; elevane kan hente fram att og arbeide vidare med tidlegare arbeid, og slik auke kompetansen og kunnskapen innanfor ulike fag og tema. Ny informasjon vil bli lagt til det dei allereie kan. I tillegg kan elevane få tilsyn i andres mapper, og omvendt, og slik få innsikt i andre sine tekster og arbeid, og reflektere og samtale rundt dette.

Dei digitale mappene kan samanliknast med ein CV, der du har samla det du har gjort gjennom fleire år i skulen, i tillegg til at det viser utviklingsprosessen som eleven har vore igjennom.

Målet med digitale mapper:

Den skal bli et sted for samarbeid, deling av kunnskap og læring. (Karlsen og Wølner, 2009:27)

Digitale mapper er eit flott arbeidsverkty, men ein må ikkje gløyme den ”usynlege” portofølja (Karlsen og Wølner). Den ”usynlege” portofølja vil seie all den kunnskapen, erfaringane og kompetansen vi har lagra i eige minne. Dette er kunnskap som vi har tilegna oss på ulike måtar, gjennom handling, oppleving, dialog og aktivitet. Kunnskap blir tolka og kopla saman med det vi allereie veit, og slik vil vi utvikle oss og tilegne oss ny kunnskap. Altså; det vi hugsar frå tidlegare hentar vi fram og byggjer vidare i nye læringssituasjonar.

Utan den ”usynlege” portofølja vil fysiske mapper vere verdilause. For det er på denne arenaen vi tenkjer, reflekterer, har dialog og samarbeid.


Formålet med digitale mapper er sjølvsagt eit auka læringsutbytte. Vi må difor bruke vår ”usynlege” portofølgje til framhenting av kunnskap og dugleikar som vi nyttar i refleksjon rundt innhald og oppbygging/endring av ei digital portefølje. Og vi bruker kunnskap i refleksjon rundt mappeinnhaldet til andre, og i dialog/samarbeid for tileigning av ny kunnskap. På denne måten blir mappa digitalt dynamisk (Karlsen og Wølner).

Tidleg bruk av digitale mapper gjer at elevane blir digitalt kompetente i ung alder. Gjennom dette arbeidet aukar også moglegheita for å jobbe med samansette eller multimodale tekster.

- Inga

________________

Karlsen, A. V. og Wølner, T.A. 2009. Den femte grunnleggende ferdighet. Oslo: Gyldendahl


Tankekart: papir eller digitalt?

Tankekart er mykje brukt til brainstorming, disposisjon eller på anna måte eit verkty i starten
av eit arbeid. Dei aller fleste av oss har laga tankekart på papir/tavle, men det er nok færre som brukar det digitalt.
Grunnlaget for å bruke tankekart er at det kan hjelpe oss med å hugse og tenkje betre. Tankekart kan få oss frå den lineære tenkinga mot å tenkje meir kreativt: i eit tankekart kan du plotte inn stikkord etterkvart som det kjem inn i hovudet.

Under ser de eit tankekart som eg har laga i . Det er eit gratis program som du bruker på nett. Det er enkelt å bruke, lett å dele med andre, og eg er veldig nøgd med dette programmet. Men det finst sjølvsagt andre gode program for tankekart.
..så, tankekart på papir eller digitalt?

Trykk på biletet for å forstørre det :)

Min konklusjon er at eg ser fleire fordelar ved bruk av digitale tankekart.

- Inga

onsdag 24. november 2010

Rekneark i grunnskulen?


Det finst mange ulike digitale rekneark. For skulane er dette eit nyttig verkty i fleire fag.

På skulen eg arbeider, registrerte vi tala frå Leselystaksjonen i OpenOffice Spreadsheet. Vidare brukte vi tala til å lage søylediagram. Dette tykte elevane var artig, og ein annan måte å arbeide med diagram/statistikk på. Det var lett å endre på, leggje til ekstra informasjon o.l.

Som eit arbeidsverkty for å registrere resultat på kartleggingsprøver (og andre prøver), er dette ein veldig systematisk og ryddig måte for lærarane. Du kan lett gå inn i dokumentet, du kan raskt sjå endringa hjå eleven (med og utan grafisk framstilling), og det er oversiktleg og ryddig.

Rekneark blir nok hovudsakleg nytta i matematikk, og i Kunnskapsløftet etter 7. steg står det at
Eleven skal kunne beskrive referansesystemet og notasjonen som blir nytta for formlar i eit rekneark, og bruke rekneark til å utføre og presentere enkle berekningar.

Om du vil lese meir om ulike typar rekneark, og historia bak, kan du trykke her.

- Inga

Can you hear me?

Lyd som del av ei multimodal tekst er ikkje lenger noko nytt i skulen. Men korleis kan ein få til dette på ein god måte? Korleis kan lyd gje meirverdi til opplæringa?

Fleire skular har teke i bruk lydopptak som ein del av leseopplæringa. Elevane les inn korte tekstar, høyrer på den, og les evt inn på nytt. Elevar kan òg lese inn ei ukjend tekst, så øver dei på den, og les ho inn på nytt. I tillegg er dette eit flott verkty til å øve på rett uttale av ord, både norske, engelske ++. Mange av oss hugsar sikkert språklab'en frå vidaregåande?
Poenget her blir at elevane høyrer forbetringa si. Dette er veldig konkret, og eg meiner at dette kan vere motiverande for mange elevar til å gjere ein betre innsats med lesinga.

Som nemnt over kan lyd nyttast som ein del av multimodale tekster. Eit alternativ til å ha ei skriftleg tekst til bileta, kan vere at teksta blir lese inn på ei lydfil. Da får elevane moglegheit til å øve seg i redigering også. Om vi ser på Læreplanen så er det mange kompetansemål som kan knyttast til bruk av lyd.


Audacity er eit relativt greit lydprogram å bruke - og så er det gratis! Eg ser for meg at yngre elevar kan bruke enkle funksjonar i dette programmet - etter å ha fått opplæring. Som lærar kan denne sida vere nyttig for å få rettleiing (svensk).

Eg har laga ei lydfil i Audacity som eg har lese inn, redigert og formatert til ei mp3-fil. Det de høyrer er segnet om Jutulen frå Vågå. Lydfila kan du høyre her.


- Inga

onsdag 10. november 2010

Redigering av bilete

Frå LK'06 (Kunnskapsløftet), Kunst og håndverk
Visuell kommunikasjon

4. steg:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne bruke enkle funksjoner i digitale bildebehandlingsprogram

7. steg:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt


Vi ser altså at elevane møter biletredigering relativt tidleg i skulen. Det er difor viktig at lærarane har nødvendig kunnskap, og at det finst redigeringsprogram for bilete som kan nyttast på ulike alderstrinn. Å redigere bilete kan gje meirverdi i undervisninga, og knyttast til mange ulike fag og emne.


Å finne eit redigeringsprogram treng ikkje vere ei uoverkommeleg oppgåve. Ikkje treng det å koste noko heller, (hurra)! Det at ein vel ei programvare som er gratis kan faktisk vere meir positivt for elevane; ei gratis programvare er som regel lettare å bruke. Dyre programvare har ofte mange funksjonar som er altfor avanserte for elevane i grunnskulen.

Eg vil her vise fram gratisprogramma
Picnik og Picasa. Piknik er eit redigeringsprogram som du nyttar på nett (gratisversjonen gjev deg 1 GB lagringsplass). Det som er veldig viktig før ein set i gong med eit slikt opplegg med elevar er at dei tenkjer gjennom kven som skal sjå det, og kan reglar for deling av bilete!

Eg har i dette dømet gått inn på
Flickr og henta eit bilete som eg ynskjer å redigere. (Kopierte url-adressa fra Flickr, limte den inn i Picnik; Library; Get from web site).

Slik såg biletet ut før redigering:



Eg valde å beskjære (
crop) biletet fyrst, og så redigerte eg storleiken (resize) til 1024x768:


Eksponerings- og kontrastendringar:



Endra "temperaturen":


No er eg tilfreds med biletet mitt, og tek difor og lagra biletet (Save&Share --> Picasa web albums):

Då kjem eg til Picasa, og vel kven eg vil dele biletet med; utvalde vennar og kjende, privat eller for alle. Eg vil dele dette med heile verda!

Picasa er som sagt eit gratisprogram - frå Google. Du kan både arbeide på nett, eller laste ned programmet til datamaskina di. Du har heile tida moglegheit til å laste opp eller gå attende og redigere bileta; anten på datamaskina, eller som her på Piknik.

- Inga

-