I DKL103 har vi, gruppevis, skreve ei artikkelsamling med utgangspunkt i "Det digitale kompetansehjulet". Vi konsentrerte oss om "Digital kompetanse i skulen", der eg valde å skrive om "Vegen mot ein digitalt kompetent skule":
Skulen har ei vanskeleg oppgåve, ikkje berre skal den vere ein tradisjonsberar, men den skal også førebu og utvikle elevane slik at dei er klare for framtidskrava frå samfunnet. Vi lev i informasjonssamfunnet, nettverkssamfunnet, kunnskapssamfunnet - altså eit postmoderne samfunn. Samfunnet vårt endrar seg kjapt, og med den nye skulereformen - Kunnskapsløftet, vart det presentert ein ny (og femte) grunnleggande ferdigheit: Digital kompetanse. Eit nasjonalt kunnskapsløft står for tur.
Eit grunnleggande forarbeid skal vere fundamentet for ein digitalt kompetent skule. Ein kan legge ned mykje tid og pengar i ei storsatsing, utan at det vil gje dei ynskjelege resultata. Til dømes har fleire skular har vore med på LMS-satsing, men resultata har i liten grad gjedd dei utslaga det var håpa på. Grunnen skuldast nok fyrst og fremst at planlegginga i heilskap og det pedagogiske strategiarbeidet ikkje har fått stor nok plass i forarbeidet.
Digital kompetanse handlar fyrst og fremst om pedagogisk bruk av IKT i forbinding med bestemte læringsaktivitetar, (Erstad 2010). Erstad har i tillegg ein modell som viser faktorar som er viktige ved pedagogisk bruk av IKT i skulen. Modellen har ei kjerne, “Pedagogisk bruk av IKT”, og har tre sirklar utanfor der det næraste området går på det som har størst påverknad for den pedagogiske praksisen; Læringsomgivnader, kollektiv og personlege drivkrefter. Læringsomgivnadene skal gje god tilgang til teknologien gjennom materielle ressursar i ulike fysiske rom på skulen og i virtuelle rom (t.d. LMS-et). Det er viktig at læringsomgivnadene er slik at dei stimulerer til pedagogisk bruk av IKT. Elevar og lærarar må forholde seg både til sine eigne personlege drivkrefter, som læringsforutsetnader og behov, og det fellesskapet og kollektivet dei inngår i. Forholdet mellom dei personlege drivkreftene og det kollektive er viktig ved læring.
Den neste sirkelen i modellen tek for seg skulenivået. Skulen legg grunnlaget for opplæringa og korleis den skal organiserast og styrast. Kunnskapssynet ligg til grunn for dette; det påverkar korleis vi tenkjer rundt skule og utdanning.
Den yttarste sirkelen omfattar det som ligg utanfor det skulen sjølv kan styre, men som har stor påverknad på korleis skulen er. Det gjeld økonomi, læreplanar og den generelle mediebruken blant aktørane. Vi veit også at foreldra sin sosioøkonomiske status vil spele inn her. (Erstad 2010)
Endringsberedskap
Det er ikkje like greit å lage ein nasjonal “digitalt-kompetente-skule-plan” som skal gjelde alle. Norske skular har heilt ulike forutsetnader, og det vil sjølvsagt vere utfordrande og problematisk. Når forskjellen mellom skulane blir så stor, vil det si at kompetansen som elevane får, vil variere frå kva skule dei går på.
Det finst inga oppskrift på korleis ein vellykka skal innføre IKT i skulen.
Sjølv om det teknologiske utgangspunktet er veldig spredt, vil eg ikkje si at utfordringa hovudsakleg ligg på infrastrukturen, men den didaktiske bruken av ny teknologi. Lærarane treng ressursar og moglegheiter til å lære korleis ein skal nytte teknologien i læringa.
Kjenneteiknet på skulane som har lykkast, er at dei har endringsberedskap og strategi for utvilkingsarbeidet. Erstad har delt skulen inn i fire typer, etter som korleis dei forheld seg til utviklingsarbeid med bruk av IKT. Eg har vald å fokusere på den siste, type 4: ”Skolen med nye handlingsrom” (Erstad 2010: 168)
Det som er karakteristisk med denne skuletypen er at den er utviklingsorientert og systematisk, altså positiv til endring. Skulane arbeider systematisk framover mot måla, og blir ofte sett på som nyskapande og -tenkande. Dei ser moglegheitene i å nytte IKT som ein viktig del av skulekvardagen, og ser at IKT kan gje kunnskap til elevane som dei elles ikkje hadde tilegna seg.
Det er avgjerande at læraren klarer å frigjere seg frå den tradisjonelle undervisninga og tør å tenkje nytt. Nok ein gong kjem tid opp som eit hovudproblem. Dei skulane som frigjer tid til kompetanseutvikling og tid til å handtere infrastrukturen vil gjere det betre med å inkludere teknologien i skulekvardagen.
Utfordringa er å utarbeide ein strategi ved kvar skule med klare mål og handlingsplanar. ITU Monitor er utvikla for at skuleleiare skal ha eit strategisk verkty for å tilpasse IKT i eigen organisasjon. “Skoleutvikling med IKT må basere seg på en skolekultur der ledelsen og lærerne kan takle uvisshet, men der de samtidig utarbeider strategidokumenter som fører dem mot felles mål” (Erstad 2010:171). Det er viktig at kvar enkelt skuleleiing og lærarar drøfter kva dei ynskjer å fokusere på med bruk av IKT. Det er viktig at arbeidsmiljøet og samarbeidet mellom lærarane fungerer for å starte eit pedagogisk utviklingsarbeid.
Roller og relasjonar
I nyare tid har det vorte meir fokus på produksjon av kunnskap, i staden for reproduksjonen. Den største skilnaden er korleis læraren går frå ei presenterande rolle til ein veiledande og kritisk dialogpartner. Det inneber at elevane arbeider meir aktivt og deltakande med lærestoffet. Målet er at elevane skal bli betre på problemløysing, samarbeid og ikkje minst sjå og føle at dei skapar noko. Vurderinga vil også bli annleis; vi vil ikkje lenger kunne bruke testar som går på gjenkalling av informasjon, men på t.d. portofølgjer og presentasjon av prosjekt.
IKT har skapt eit større fokus på elevrolla ved å vise til erfaringar eleven har frå teknologien dei bruker på fritida, og fokus på moglegheitene med tilpassa opplæring gjennom IKT. Elevmedverknad, som vi høyrer så mykje om, vil få stødigare føt å stå på når det gjeld IKT. Men vi kan ikkje “sleppe” elevane fritt å seie at dei no har “ansvar for eiga læring”. Det er viktig at elevane får opplæring i medverknad og -bestemming knytt til digital kompetanse, og at læraren har ei aktiv rolle i denne prosessen. “Elevmedvirkning forgår i spenningsfeltet mellom selvbestemmelse og kontroll.” (Erstad 2010:172).
Det pedagogiske utviklingsarbeidet må delast inn i ulike nivå for å avklare dei ulike ansvarsområda og framgangsmåtane (Erstad 2010: 162-163): Dei nasjonale og offentlege satsingane har gjennom den siste reformen lagt ekstra stor vekt på eit nasjonalt kunnskapsløft innan digital kompetanse.
Kommunale (regionale) satsingar må kome inn med planar for å sikre ei kompetanseutvikling, samarbeide med andre som har oppnådd vellykka resultat.
Det er også fordelaktig å samarbeide med lokalmiljøet og dei næringar som kan vere viktige samarbeidspartnarar i opplæringa. Her har skuleleiinga eit spesielt ansvar.
Betingelser for en digitalt kompetent skole. (Erstad 2010:175)
Modellen viser sentrale krav for i kva grad skulen utviklar seg mot å bli digital kompetent:
- Infrastrukturen lyt liggje til grunn for at det er gjennomførbart med eit pedagogisk utviklingsarbeid. Skulen må utvikle strategiar for utvikling og tenkje på heilskapen. Med visjonære styringsinstrument meiner vi at læreplanar, vurderingsformar og arbeidsmåtar skal gje skular utfordringar og leggje til rette for nytenking tilpassa samfunnet og elevane sine behov. For at læringsressursane og innhaldet i skulen skal stimulere elevane, må det vere innovasjon (nytenking) tilstades.
- Som nemnt er målet at elevane skal bli aktive kunnskapsprodusentar, og for å motivere til dette må vi byggje vidare på den kompetansen og erfaringa dei har. Dei som skal veilede elevane mot ei digital kompetanse må sjølv ha den nødvendige kompetansen, og vere trygg på bruken av digitale media.
- Rammevilkåra og læringsmiljøet må være fleksibelt slik at det kan tilpassast ulike behov i læringsarbeidet.
Den digitalt kompetente skulen vil kunne sjå dei moglegheitene og utfordringane som digitale media kan tilby det pedagogiske utviklingsarbeidet. Vi ser at vi framleis har att mykje før vi kan kalle den norske skulen digitalt kompetent, men som nemnt kan god praksis vise oss vegen.
Kjelder:
Erstad, O. 2010. Digital kompetanse i skolen – en innføring. 2. Utgave. Oslo. Universitetsforlaget
ITU Monitor: Skolens digitale tilstand, ITU 2009, <http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf> [lest 11. oktober 2010]
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar