tirsdag 26. oktober 2010

Er læraren flaskehalsen?

I dette innlegget tek eg utgangspunkt i artikkelen Læreren er flaskehalsen, der det blir hevda at lærarane sviktar når det gjeld digital kompetanse. Vibeke Kløvstad er prosjektleiar for kartlegginga ITU Monitor 2009, og fortel at aldri før har den norske skulen vore betre rusta med IKT-utstyr, men likevel har PC-bruken gått attende.


Morten Søby definerar digital kompetanse slik i ”Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen": Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å bruke digitale media for læring og mestring i kunnskapssamfunnet. (Søby 2005:8)
Denne definisjonen byggjer på Kunnskapsløftet og at det er i tråd med digital literacy-begrepet som blir nytta i fleire EU-prosjekt.

For at både lærar og elevar skal oppnå digital kompetanse lyt ein ha moglegheit og tid til dette. Det å setje kvar elev til ei datamaskin vil ikkje føre til anna enn uro om ikkje læraren har fått nødvendig kompetanseheving, infrastruktur og tydelige læringsmål. Motiverte og kompetente lærarar, med skuleleiinga i ryggen, vil i større grad kunne nytte digitale verkty i læringssamanheng. (ITU Monitor 2009:6).

Eg som nyutdanna lærar har ikkje tilegna meg digital kompetanse grunna allmennlærarutdanninga mi. Om eg ikkje hadde vald DKL hadde eg kjend at eg hadde stått på ein ganske bar bakke. Eg meiner at ein må gå hardare inn i lærarutdanninga, på lik line med dei fire andre grunnleggande ferdigheitene. Elles vil ein jo aldri koma ajour med dei måla som er satt til oss lærarar. Ein lyt også gje meir ressursar til viareutdanning av lærarar som har jobba i skulen i fleire år, gjere dei klar over kva som er forventa og korleis ein kan oppnå måla.
Det er avgjerande for lærarar, og anna skulepersonell som skal nytte digitale verkty, at det fins ein “guide” som ein kan få konkrete døme og idear på digital kompetanse i dei ulike faga på dei ulike årsstega. I dag høyrer vi om digital kompetanse rett så ofte, men mange, kanskje dei færraste, veit eigentleg kva som ligg i dette fordi det ikkje kjem konkret fram i læreplanen på kva ein legg i digitale ferdigheiter. Eg meiner at digital kompetanse ofte er eit feiltolka omgrep. Mange lærarar føler at dei dekkjer dette området ved å ha 2-3 timar i veka med wordskriving og/eller “trykk-og-svar”-oppgåver på ymse lærenettstader.

Det fins jo fleire elevar i Noreg som berre har tilgang på PC i skuletida, og dei vil jo naturleg nok ha eit helt anna utgangspunkt enn dei som nyttar datamaskin heime. Elevar er avhengig av å ha dei basale ferdigheitene (verktykompetanse og knekt PC-kode) på plass for å bruke digitale verkty i læringsarbeidet. Det er difor skulen si oppgåve å møte elevane der dei er. Ein lyt bruke den kompetansen dei allereie sit inne med, og bruke dette som motivasjon.

Noreg, som er eit av dei rikaste landa i verda, er godt dekt når det gjeld teknisk materiell, i tillegg til at det er godt fysisk tilrettelagd.
Det blir difor viktig at skulen arbeider mot ein moderne arbeidsstad for både elevar og lærarar, på lik line med andre offentlige og private sektorar.
I den vidaregåande skulen er det vanleg at kvar enkelt elev har eiga datamaskin som skal nyttast i alle fag, og i dei aller fleste oppgåvesamanhengar. Om ein da ikkje har sørgja for at elevane er godt nok skodd etter 10 år i grunnskulen, vil overgongen til vidaregåande bli unødig stor. Faktisk kan ein elev som ikkje har tilegna seg denne basiskunnskapen saksøke staten for mangelfull opplæring! Vi kan ikkje tilsidesette digital kompetanse fordi “vi ikkje kjenner oss trygge”. Den unnskyldninga kan vi ikkje leve med. Tenk om ein lærar let vere å lære elevane å lese fordi han ikkje tykte at han hadde den kompetansen som skulle til. Då hadde det vorte skikkeleg oppstyr! Vi som lærarar må, saman med resten av skule-Noreg gjere ein innsats for at dette endrar seg.
Heldigvis viser det seg at lærarar og elevar på vidaregåande skular er på rett veg. No må vi i grunnskulen gjere vårt.

___________________________________________________

ITU (2009) ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, Oslo, Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning, [internett] Tilgjengelig fra ITU: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf [Lastet ned: 09.10.10]

Erstad, O. (2005) Digital kompetanse i skolen - en innføring. (2. utgave) Oslo, Universitetsforlaget

Søby, M (2005): Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen. ITU, Universitetet i Oslo [Internett ] Tilgjengelig fra: http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf [Lastet ned: 09.10.10]

_________________________________________________________

- Inga

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar