Viser innlegg med etiketten Videoproduksjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Videoproduksjon. Vis alle innlegg

tirsdag 29. mars 2011

Arbeidskrav 3 (Videoproduksjon)

I arbeidskrav 3 (videoproduksjon), skulle vi lage ein kortfilm. Vi valde "Facebook i skulen" som tema, med Kva slags oppfatningar herjar om facebook, og korleis er dette i skulen? som problemstilling.

Sidan gruppa bur langt frå kvarandre, valde vi difor å lage ei nyheitsreportasje der kvar enkelt laga sitt innslag. Programmet kalla vi "Mediebrennpunkt". Dette programmet har lærarstudentar og lærarar som målgruppe.



Vår erfaring med dette arbeidskravet:
Gruppa har ulike forkunnskapar og ulik erfaring med videoproduksjon. Vi meiner at vi gjennom oppgåva har utfylt kvarandre og kome fram til eit godt produkt. I løpet av dette delemnet har vi vorte betre kjend med kva som ligg i produksjon av film, og vi er ivrige på å bruke dette i skulen. Videoproduksjon er motiverande, det aukar kreativiteten hjå elevane, samstundes som ein får knytta mange fag inn i ein slik produksjon.

- Inga

fredag 18. mars 2011

Take one - action!

Samlingsoppgåve i DKL104:
Gruppa mi tok utgangspunkt i ordtaket Ei fjør blir til ti høns, der vi skulle dramatisere ein situasjon på grunlag av dette. Kortfilmen skulle ikkje vare lenger enn 1-4 minutt.

Det første vi gjorde var å skrive ein synopsis. Synopsis er eit kort samandrag av filmen, med tema, konflikt/motstand, handlingsgong og personar.
Vår synopsis vart følgjande:
Temaet vårt er grunna i ordtaket Ei fjør blir til ti høns, konflikta blir når ryktet blir spredd og forverra undervegs. Personar som er med: Trine, Tine, Jacob og Inga i ulike roller. Handlinga i grove trekk: Trine er tenåring og startar ei rykte om Jacob, etter at ho har observert han med ei eldre kvinne. Dette seier Trine til Inga, som vidare fortel dette naboen sin, Tine. Undervegs legg kvar person på litt ekstra i ryktet. Tine fortel dette vidare til Jacob sine foreldre, som tilslutt konfronterar Jacob med ryktet.

Manus:
Vi valde å ikkje bruke Celtx til manusskriving, dette fordi vi følte at Google Docs er eit betre alternativ; her kan alle skrive og endre samstundes. Manuset inneheld kort om kvar scene (kvar og kven), og replikkar.






Før vi byrja å filme teikna vi eit storyboard:
Der teikna vi nydelege strekmenn for å vis korleis scena skulle sjå ut. Vi skreiv på kameravinkel og -bevegelse, utsnitt osb..

På biletet kan du sjå eit storyboard under produksjon-->






Så var det tid for filming. Vi gjekk ut og starta med scene 1, og jobba oss "nedover". Vi tok fleire opptak av dei fleste scenene slik at vi kunne klippe og lime om det skulle vere ynskjeleg. Vi gjorde også små endringar i forhold til manus.
Då vi kom attende og skulle overføre filmen til PC oppdaga vi at banden var skada, slik at både lyd og bilete hakka og var uklårt. Grunna dårleg tid, måtte vi berre gjere det beste ut av det, og filmen vart klipt, redigert og sett saman.

Eg vil konkludere med at dette var MOROSAMT! Eg har lite kjennskap til videoproduksjon frå før, men etter dette ser eg ljosare på å nytte dette i skulen. Eg har stor tru på at ein får veldig motiverte elevar, samstundes som ein får knytta mange fag inn i slike produksjonar.