Viser innlegg med etiketten DKL104. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL104. Vis alle innlegg

onsdag 27. april 2011

Web design

Eit godt og funksjonelt design på nettsider er avgjerande for korleis ein som "besøkjar" oppfattar innhaldet på sidene. Eit design som er tiltrekkande, vil skape truverdigheit, medan rotete, pulserande vil gje motsett inntrykk.

Morville-modellen definerer 6 viktige faktorar som må vere på plass for at brukaren skal få ut verdien av ei nettside:
1. Lett å finne att (findability)
2. Tilgjengelegheit (accessibility)
3. Attraktiv (desirability)
4. Brukarvennlegheit (usability)
5. Truverdigheit (credibility)
6. Nytteverdien (usefullness)


Eg har vald å ta for meg tre ulike nettsider, og skrive kort om kva inntrykk dei ga meg:

Horvei Elektro har ei veldig enkel nettside. Her finn du kontaktinformasjon og oversikt over ansatte. Etter min smak så er ho kanskje litt for enkel; eg saknar både informasjon om kva slag tenester dei utfører og autorisasjonar dei har. Dei kunne godt ha skreve om kva slags mål/visjon dei har får bedrifta. Som kunde hadde eg nok heller valgt ei bedrift som hadde meir informasjon om seg sjølv, og var meir aktiv mot potensielle kundar. Slike bedrifter verkar meir truverdige.
Tenkt målgruppe er kunder som treng elektrikarar. Her legg bedrifta opp til at kunden må henvende seg over telefon eller mail.

Lærende nettverk: ITU er ei seriøs side. Namnet i seg sjølv og oppbygginga av sida gjer at ein får inntrykk av at dette er truverdig. Frå før kjenner eg til ITU, og veit at dette er eit nasjonalt nettverk som går inn for å utvikle utdanningssystemet for at elevar/studentar og lærarar skal bruke digitale verkty i eit pedagogisk perspektiv. For ein som er ukjend med ITU, er det likevel mykje som vekkjer tillit på denne sida;
1. Oppgjev kjelder
2. Forfattarane er oppgjedd med namn (og bilete)
3. Det er fleire lenkjer til tema innanfor same område. Fleire knytt til Utdanningsdirektoratet.
4. Sida er lett å navigere seg og ein får lett oversikt over kva informasjon som er å finne.

Da eg opna nettsida ARNGREN vart eg "lamslått". Det er x antal reklamer og tilbud som dukkar opp på sida, og det er omogleg å få raskt oversikt over kva slag side dette er, anna enn at det er masser av ting som er til salgs. Det finst riktignok ei menyliste på høgre side, men denne er også veldig uoversiktleg. Om du trykkjer på ein av lenkjene på menysida kjem du inn på nok ei roteside.
Denne sida er noko av det mest uoversiktlege eg har sett, og ikkje berre er ho det, men det tek lang tid å laste ho inn pga alt som ligg der. Det finst ikkje noko informasjon om kva Arngren eigentleg er, noko som gjer at det heile kun verkar rotete og useriøst.



- Inga

tirsdag 29. mars 2011

Arbeidskrav 3 (Videoproduksjon)

I arbeidskrav 3 (videoproduksjon), skulle vi lage ein kortfilm. Vi valde "Facebook i skulen" som tema, med Kva slags oppfatningar herjar om facebook, og korleis er dette i skulen? som problemstilling.

Sidan gruppa bur langt frå kvarandre, valde vi difor å lage ei nyheitsreportasje der kvar enkelt laga sitt innslag. Programmet kalla vi "Mediebrennpunkt". Dette programmet har lærarstudentar og lærarar som målgruppe.



Vår erfaring med dette arbeidskravet:
Gruppa har ulike forkunnskapar og ulik erfaring med videoproduksjon. Vi meiner at vi gjennom oppgåva har utfylt kvarandre og kome fram til eit godt produkt. I løpet av dette delemnet har vi vorte betre kjend med kva som ligg i produksjon av film, og vi er ivrige på å bruke dette i skulen. Videoproduksjon er motiverande, det aukar kreativiteten hjå elevane, samstundes som ein får knytta mange fag inn i ein slik produksjon.

- Inga

fredag 18. mars 2011

Take one - action!

Samlingsoppgåve i DKL104:
Gruppa mi tok utgangspunkt i ordtaket Ei fjør blir til ti høns, der vi skulle dramatisere ein situasjon på grunlag av dette. Kortfilmen skulle ikkje vare lenger enn 1-4 minutt.

Det første vi gjorde var å skrive ein synopsis. Synopsis er eit kort samandrag av filmen, med tema, konflikt/motstand, handlingsgong og personar.
Vår synopsis vart følgjande:
Temaet vårt er grunna i ordtaket Ei fjør blir til ti høns, konflikta blir når ryktet blir spredd og forverra undervegs. Personar som er med: Trine, Tine, Jacob og Inga i ulike roller. Handlinga i grove trekk: Trine er tenåring og startar ei rykte om Jacob, etter at ho har observert han med ei eldre kvinne. Dette seier Trine til Inga, som vidare fortel dette naboen sin, Tine. Undervegs legg kvar person på litt ekstra i ryktet. Tine fortel dette vidare til Jacob sine foreldre, som tilslutt konfronterar Jacob med ryktet.

Manus:
Vi valde å ikkje bruke Celtx til manusskriving, dette fordi vi følte at Google Docs er eit betre alternativ; her kan alle skrive og endre samstundes. Manuset inneheld kort om kvar scene (kvar og kven), og replikkar.






Før vi byrja å filme teikna vi eit storyboard:
Der teikna vi nydelege strekmenn for å vis korleis scena skulle sjå ut. Vi skreiv på kameravinkel og -bevegelse, utsnitt osb..

På biletet kan du sjå eit storyboard under produksjon-->






Så var det tid for filming. Vi gjekk ut og starta med scene 1, og jobba oss "nedover". Vi tok fleire opptak av dei fleste scenene slik at vi kunne klippe og lime om det skulle vere ynskjeleg. Vi gjorde også små endringar i forhold til manus.
Då vi kom attende og skulle overføre filmen til PC oppdaga vi at banden var skada, slik at både lyd og bilete hakka og var uklårt. Grunna dårleg tid, måtte vi berre gjere det beste ut av det, og filmen vart klipt, redigert og sett saman.

Eg vil konkludere med at dette var MOROSAMT! Eg har lite kjennskap til videoproduksjon frå før, men etter dette ser eg ljosare på å nytte dette i skulen. Eg har stor tru på at ein får veldig motiverte elevar, samstundes som ein får knytta mange fag inn i slike produksjonar.

torsdag 17. mars 2011

Avisproduksjon

I arbeideiskrav 2, skulle vi som gruppe lage ei nettavis. Vi valde "Den digitale kvardagen", der vi skreiv 2 artiklar kvar innanfor dette temaet. Problemstillinga var førgjande:

Korleis er den digitale skulekvardagen i dag, og kva slags moglegheiter og utfordringar byr den på?

Målgruppa var lærarstudentar og lærarar. Vi kalla nettavisa vår for "Norges gang".

Vi laga nettavisa i Wordpress, og etter å ha prøvd og feila med layout på nettavisa vil vi konkludere med at det ikkje var lett å få avisa til å sjå ut som ei avis, men meir som ein blogg. Wordpress var avansert, eller lite brukarvennleg, noko som gjer at vi vegrar oss for å bruke denne sida til nettavis-produksjon i skulen.

Norges gang finn du her.

- Inga

torsdag 10. mars 2011

Lydproduksjon; samlingsoppgåve

På første samling i DKL104 fekk vi følgjande oppgåve:

Dere skal som gruppe produsere et hørespill (i radiosjangeren) som en podcast

Tema, fokus og målgruppe er åpent. (vi velger under samlingen å reise kun med mediefokuset i lasten på skipet).
Kommentarer og rammebetingelser:
Gruppa må definere tema. Videre må gruppa bli enige om tema, stil, fokus og målgruppe. Det skal brukes prosjektmetodikk både i problemformulering og framdrift.

Gruppa må kunne vise til følgende dokumentasjon:

  • Definisjon av tema, stil, fokus og målgruppe for produktet. I praksis betyr dette: Avgrenset problemstilling og produktmål.
  • "Prosjektplan" - Plan for arbeidet med produksjonen, inkludert arbeids/rolle-fordeling og praktisk organisering (hvem skal gjøre hva, og når).
  • Lenke til arena for presentasjon av podcasten (nettradioens "hjemmeside" ..denne kanvære den samme som dere bruker i arbeidskravoppgaven, eller opprettes og tilpasses spesielt.. opp til dere og tiden.)
  • Feed-lenke (lenke som kan brukes til å abonnere på podacsten i f.eks Itunes)

Tekniske krav til podcasten:

  • Innslaget (podcasten) skal ha en samlet varighet på minimum 4 og maksimum 15 minutter (ideelt 8 - 11 min).
  • Det skal være mulig å abonnere på podcasten (feed).
  • Podcasten må ikke bryte med lovgivning innen opphavsrett og personvern, og presentasjonen av podcasten skal eksplisitt demonstrere god skikk i så måte.

Hørespel for 10. steg
Målgruppe: Medelevar (begge kjønn)
Arbeidsgrupper: Medelevar
Tema: Henrik Ibsen; Dramatisering av ei scene frå Peer Gynt
Manus:
Peer Gynt (utdrag), henta frå Wikibooks.


Kompetansemål:
Norsk:
Munnlege tekster:

  • vurdere egne og andres muntlige framføringer
  • gjennomføre enkle foredrag, presentasjoner, tolkende opplesing, rollespill og dramatisering, tilpasset ulike mottakere

Skriftlege tekstar:

  • lese og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspregede på bokmål og nynorsk: artikkel, diskusjonsinnlegg, formelt brev, novelle, fortelling, dikt, dramatekst og kåseri
  • bruke lesestrategier variert og fleksibelt i lesing av skjønnlitteratur og sakprosa
  • gjenkjenne de språklige virkemidlene humor, ironi, kontraster og sammenligninger, symboler og språklige bilder og bruke dem i egne tekster
  • uttrykke seg presist og med et variert og nyansert ordforråd i ulike typer tekster på bokmål og nynorsk

Samansette tekster:

  • tolke og vurdere ulike former for sammensatte tekster
  • bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster

Nettradioens heimeside: Podbean: http://jensenja.podbean.com/2011/02/04/peer-gynt-podcast

Dette var ei spennande oppgåve, og for dei fleste på gruppa var dette noko nytt. Lydklippa vart sett saman i GarageBand, og heldigvis har vi ein på gruppa som er god med dette. Eg personleg tykte at det vanskelegaste var å ha ei naturleg stemme. Er nok ingen radio-vert ;)

- Inga

søndag 6. mars 2011

Prosjektarbeid

Det finst mange ulike type prosjekt, frå små til enorme. Det er klart at desse prosjekta har forskjellig organisering og framgansmåte, men likevel er det nokre sentrale kjenneteikn som er like. Andersen og Schwencke nemner dette: et problemorientert, tidsavgrenset, resultatrettet, samarbeidsbasert engangsarbeid.

Som vi ser ut i frå figuren over startar eit prosjekt med eit tema, og ut i frå dette lagar ei problemstilling. Problemstillinga blir det sentrale spørsmålet for prosjektet; det som ligg til grunn for å utforske og utvikle prosjektet (den raude tråden). For at prosjektet skal kome i mål, og bli meir konkret treng vi å avgrense problemstillinga. Produktmålet blir da det forventa resultatet / det vi ynskjer å oppnå.

For å vise korleis dette kan gjerast:

Eg vel eit tema: Digital kompetanse – mediadanning
Målgruppe: Elevar på ungdomsskulen

Problemstilling: Korleis kan vi auke basisferdigheitene innanfor lesing, skriving, munnleg og digital kompetansen gjennom lydproduksjon?

For å avgrense dette, ynskjer eg å velje eit emne: Podcast

Mål: Vise at gjennom å lage ein podcast ved hjelp av Audacity vil dette heve kompetansen innanfor lesing, skriving, munnleg aktivitet og digitale verkty.

Avgrensa problemstilling blir da: Korleis kan ein podcast-produksjon auke kompetansen innanfor lesing, skriving, munnleg aktivitet og digitale verkty på ungdomsskulen?

- Inga

___________________________________

Andersen, E.S. og Schwencke, E. (2010): Prosjektarbeid. En veiledning for studenter. nki Forlaget.

tirsdag 18. januar 2011

Mediekompetanse

De unge, som må skape sin identitet i krysspresset mellom den stadig endrede mediekulturen og den galopperende nye medieteknologien, trenger mer enn verktøy. De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar. (Vettenranta, 2007:13)

Unge i dag har verda tettare inn på seg enn tidlegare; media har endra kvardagen til barn og unge. Media er med på definere oss, vår identitet, kultur og verda vi lev i.

Dagleg møter elevar globale verdsproblem. Eg meiner at alle desse møta, isolert sett, kan føre til at elevar får eit overfladisk forhold til omverda, og at empatien kan bli borte i alle inntrykka. Verda er veldig tett inn på, men samstundes er ho fjern frå norske barn si røynd.
Det er difor viktig at barn har personleg kontakt i læringssituasjonen, kanskje viktigare no enn før?
Lærerens omsorg for elever kan aldri erstattes av de mest avanserte PowerPoint-presentasjoner. (ibid:26)

Unge i dag er veldig inne i mediasamfunnet, samstundes som dei manglar ei mediekompetanse. Med mediekompetanse meiner vi “de kunnskaper, de ferdigheter og den kyndighet som er nødvendig for å tolke medier og medietekster gjennom analyse, evaluering og kritisk refleksjon” (ibid:18). I tillegg til dette er det viktig at elevane blir klare over kva rolle og ansvar dei har som mediebrukarar.

At barn og unge tilegnar seg ei mediekompetanse vil vere med på å støtte identitetsbyggjinga og danninga. Medieteknologien er ikkje eit nøytralt reiskap, men også noko som skapar vårt erfaringsgrunnlag, vår oppfatning av røynda og forståinga av oss sjølve (ibid:17). Forståing er ei forutsetning for å vere kritisk bevisste; dei må få dugleikar i å “lese” medium.

Vi som lærarar må tenkje gjennom korleis vi vil at elevane skal tilegne seg denne mediekompetansa: Kva oppfatning av røynda ynskjer vi at elevane skal få ved hjelp av informasjons- og kommunikasjonsteknologien? Greier vi å utvikle den kulturelle kompetansa og evna til empati og kristisk lesing av media? Kva med likestilling og likeverd?
Målet må vere å rettleie eleven på vegen mot å bli eit fullverdig medlem av samfunnet - også for framtida. Elevar som får analysere og reflektere kritisk over sine medieerfaringar vil få “et redskap i arbeidet med å oppdra til et demokratisk borgerskap” (ibid:27).

Kjelder:
Vettenranta, S. (red). 2007. Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendal Akademisk: Oslo

- Inga

tirsdag 11. januar 2011

Omsyn til den enkelte

Vi starta DKL 104 - Medieproduksjon i skulen med ein repetisjon av omsyn. Det er klart at dette emnet skal liggje til grunn for alt vi held på med i skulen. For at elevane skal få dette tidleg inn, er det klart at vi som lærarar må kunne opplyse om kva som er "OK" og kva som ikkje er det. Ein treng ikkje leite lenge før ein ser både vaksne leggje ut bilete ukritisk på t.d. Facebook. Det er ikkje lenger slik at "What happens in Vegas stays in Vegas". Verda har ikkje vorte mindre, men meir tilgjengeleg! Helgas morobilete er kanskje ikkje så artige måndagen etter eller om 1-2 år.

Eg vil vise til kva som står under føremål i samfunnsfag (henta frå udir.no):

Mennesket samhandlar gjennom språk og uttrykksformer som er prega av den kulturen dei veks inn i. Som reflekterande individ kan mennesket forme seg sjølv. Som politisk individ kan mennesket påverke omgjevnadene sine. Som moralsk individ er mennesket ansvarleg for konsekvensane av handlingane sine. Samfunnsfaget skal difor gje djupare forståing av forholdet mellom samfunnslivet og det personlege livet.



Under grunnleggande dugleiker i same fag kan vi lese:
Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbaserert kommunikasjon.

Eg ser at behovet for at dette skal få ein større plass i dagens skule er stort. Elevane blir yngre og yngre i sosiale media og treng difor å bli opplyste for å kunne beskytte sitt (og andre sitt) personvern - både for no- og framtida.

- Inga