På 2. 102-samling fekk vi ei øvingsoppgåve som skulle løysast i Google Maps eller Google Earth. Oppgåva vi fekk var:
Lag veiledningen til en oppgave for elever der de bruker Google Earth/Google Maps som verktøy/læremiddel/inspirasjon. Gjør oppgaven som gruppe og presenter resultatene.
- Aktiviteten bør så lagt mulig støtte opp om det vi vet/tror om barn og unges mediebruk (meningsstyrt, aktiv og deltakende, preget av at jevnaldrende er hverandres læremestre, mobil, global)
- Skal gjøre bruk av Google Earth/Google Maps.
- Måloppnåelse (læringsmål) skal sannsynliggjøres (skisser).
- Utfør oppgaven selv (så langt det er mulig)
- Presenter veiledning og resultat i studiebloggene.
Det vil kunne godtas at dere tilpasser et opplegg gitt i glessons og viser til eksterne how-to's, men noe helt nytt, spennende og originalt vil føre til større begeistring.
Gruppa vår (gr. 8), valde å bruke Google Maps for å løyse oppgåva slik:
Vi tenkte oss at elevane hadde arbeidd med heimkommuna si på førehand, og at dei hadde ein viss kjendskap til Google Maps frå før.
Kompetansemål etter 4. klasse:
- planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett
- setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
Elevane si oppgåvetekst:
Planlegg ei reise i di eiga heimkommune der klassa skal bruke ein skuledag(6 timar) til å besøkje ulike stadar. De skal besøkje/presentere minst 2 arbeidsplassar, eit kjent landemerke, ein historisk stad og ei kyrkje. Bruk Google maps til å planlegge/vise reiseruta di der du skildrar dei ulike stoppestadane.
Vi valde å ta føre oss mi heimkommune: Vågå. Eg sleit med tekniske problem, då programmet
låste seg og hakka og kartet/ruta vart ikkje heilt som planlagd. Dette kan jo vere ei grei erfaring: Læraren må beherske og kjenne programmet godt før det blir brukt i undervisninga.
For å sjå det (ufullstendige) resultatet klikk her.
- Inga
tjernehimmelen på nærmare hald enn vanleg. Programmet som vart nytta i planetariumet var Stellarium. Eit program som gjer at ein kjem tettare inn på både stjerner og planetar. Denne programvara er gratis, og vart flittig brukt på skulen eg då jobba på. Programmet er slik at ein kan skrive inn posisjon for å sjå eksakt korleis himmelen ser ut der du befinn deg. Ein kan spole fram og attende i tid, slik at ein ser korleis stjernehimmelen forandrar seg gjennom året. Her kan ein zoome seg ut og inn på både planetar og stjerner, og attpåtil reise til planetane i solsystemet vårt.