Viser innlegg med etiketten DKL103. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DKL103. Vis alle innlegg

lørdag 27. november 2010

Cloud computing

Cloud computing (”nettsky”) er internettbasert databehandling; som delte ressursar, programvare og informasjon - som blir gjeve til datamaskinar og andre einingar ved behov.

Mange av oss bruker slike nettskyer, mellom anna kan dette vere Google, Picnik, Picasa, Mindomo.. Nettskyer knytt til undervisning er på tur inn i norsk skule, ved at ein nytter slike ressursar som lagrar arbeidet i ”det store intet” (serverar).

Det er mange positive sider med nettskyer:

  1. Låge krav til infrastruktur
    Ein lyt sjølvsagt ha PC med tilkopling til Internett
  2. Det er tilgjengeleg, "uansett" kvar du er
    Ein er ikkje låst til bestemte maskiner
  3. Det er lett å dele arbeidet sitt med andre (om ein ynskjer det)
  4. Det er mindre sårbart
    Om du skulle få datakrasj er arbeidet ditt likevel er lagra
Eg har sjølv sveva på nettskyene, og må seie at eg likar det! Det opnar for nye måtar å arbeide på, det er greit å bruke, lett tilgjengeleg og (stort sett) påliteleg.

- Inga


torsdag 25. november 2010

Blooms taksonomi

Læreplanen har sine vurderingar, altså kompetansemåla for kva elevane skal kunne etter (2.steg), 4. steg, 7. steg, 10. steg og vidaregåande. Det er sjølvsagt naudsynt å bryte desse kompetansemåla ned i delmål, men slik at ein likevel kan grunngje vurderingane av eleven. Eit verkty for å få til dette kan vere Blooms taksonomi.


Eg vil i dette innlegget ta utgangspunkt i nettopp Blooms taksonomi for å bryte eit kompetansemål ned til delmål. Måloppnåinga blir delt inn i tre vurderingskriterium: under middels grad, middels grad og over middels grad.

Det er viktig at elevane veit kva som er forventa av dei, slik at dei veit kva som må jobbast med. Mål må presenterast i lag med oppgåvene elevane får, slik vil ein unngå misforståingar, samtidig som at måloppnåinga kan bli høgre hjå fleir. Kanskje kan elevane sjølv vere med på å utvikle vurderingskriteria for til dømes ulike gruppeoppgåver? Då set dei seg betre inn i kva som skal til for å oppnå høgare måloppnåing.

- Inga

fredag 29. oktober 2010

Er DU digitalt kompetent?



"Et utvalg norske lærere har i undersøkelsen ITU monitor blitt gitt en prøve for å kartlegge deres digitale kompetanse, og denne uhøytidelige quizen er en versjon som måler noen av ferdighetene lærere trenger når de bruker IKT i sin undervisning."
ITU Monitor


Ta testen HER.

Lykke til!

-Inga

onsdag 27. oktober 2010

Omgrepet "Digital kompetanse"


Omgrepet digital kompetanse er eit komplisert. Morten Søby, Ola Erstad, Rolf K. Baltzsersen og Rune Krumsvik har alle definisjonar som går på at digital kompetanse går på dugleikar, kunnskapar og haldningar knytt til bruken av digitale media i det lærande samfunnet. I tillegg meiner fleire at kreativitet skal vere med i definisjonen.

Eg meiner at når elevane går ut frå vidaregåande bør dei ha kunnskap innanfor det grunnleggande som personvern, opphavsrett (kjeldekritisk kompetanse). Dei lyt også ha meir avanserte dugleikar for å fungere i samfunnet (delta, skape, produsere = kreativitet), og ikkje minst tolke og analysere digitale sjangrar og medieformer.


- Inga

For meir utfyllande lesing, vil eg anbefale Utdannings- og Forskningsdepartementet sitt Program for digital kompetanse 2004-2008, der dei har definert ”Digital kompetanse som den kompetansen som bygger bro mellom ferdigheter som å lese, skrive og regne og den kompetansen som kreves for å ta i bruk nye digitale verktøy og medier på en kreativ og kritisk måte.”

tirsdag 26. oktober 2010

Mediekultur - eleven vs læraren

Elevane sin tilgong og bruk av media

Fritida
Etter som velstanden og den økonomiske situasjonen har auka i Noreg, har tilgongen på ulike media hatt same utvikling. Aldri før har barn og unge hatt vakse opp i meir medierike heimar enn i dag, dei har tilgong på alt i frå eigne mobiltelefonar, DVD-spelarar til datamaskiner med breiband. Når denne mediebruken er så stor blant unge, er det naturleg at det vil vere vanskeleg for den ”eldre garde” å ha kontroll over kva som eigentleg skjer inne på kvart enkelt rom, og kva dei ulike media blir brukt til. Dei ulike media har opna for ny
e medieopplevingar; både nye kommunikasjonsmåtar og tileigning av ny informasjon. Dagens unge har i mykje større grad ei høgare, og tydlegare, røst som når ut til det offentlege samfunnet, (gjennom t.d. blogg, Facebook, Twitter o.l.).

Skulen
Norske skular ligg over gjennomsnittet i EU når det tettleiken på datamaskinar. ITU Monitor viser til at nesten 90 % av norske elevar føler at dei har tilgong på datamaskiner ved behov. Denne utreiinga viser også at skilnaden mellom grunnskule og vidaregåande er stor. Det viser seg at databruken i den vidaregåande skulen er betre inkludert i skulekvardagen, og at dei bruker meir tid ved datamaskinene.

Lærarane har i fleire år hatt god tilgong til datamaskiner, og brukt desse i undervisningssamanheng.

Det datamaskinane blir mest brukt på i skulen er skriving og lesing i norsk (ITU Monitor 2009). For at skulen skal kunne møte elvane der dei er, må skulen (i tillegg til datamaskiner) ha god breibandsforbinding som taklar både lyd og bilete utan stopp.


Kva blir media brukt til?

Korleis elevane nyttar media på skulen, og korleis dei nyttar det heime er stor. Heime lastar dei gjerne ned musikk/filmar, spelar dataspel, chatter osb, og mange av desse dugleikane vert ikkje nytta i skulesamanheng. Lærarane har til nå brukt IKT meir einsidig; dei har brukt mest tid på tekstbehandling og søking på nettet.

Dette at lærarane ofte uttalar seg negativt om sosiale media og dataspel – utan å ha eigne erfaringar, er ein av konsekvensane av skilnaden mellom IKT-bruken. Dette er skummelt fordi at denne uvitskapen blant lærarane gjer at dei kan ha vanskar for å sjå korleis elevane si kompetanse kan nyttast i læringsarbeidet. Denne mangelfulle erfaringa kan ”[…] føre til at lærerne ikke forstår elevens livssverden, og dermed ikke har grunnlag for kommunisere godt med den digitale eleven.” (Erstad 2010: 44).

Det viser seg også (gjennom ITU Monitor og andre studie om IKT) at ein tredjedel av elevane ikkje bruker datamaskina heime til skulearbeid. Her har vi mykje å ta tak i på begge sider for at den digitale kompetansen skal kome til syne. Det er jo eit kjempegodt utgangspunkt at eleven sit på ei solid kompetanse på eit felt, medan læraren er sterkare på eit anna felt. Det som er avgjerande er å våge og få desse kompetansane fletta inn i kvarandre, og vere opne for forandringar.

På en måte foretrekker jeg betegnelsen mediekompetanse fremfor digital kompetanse, siden det generelt er medier, gamle og nye, denne kompetansen retter seg mot. Men ved å bruke betegnelsen digital kompetanse vil to aktuelle problemstillinger tre tydeligere frem. Den ene gjelder de pedagogiske konsekvensene av at ulike medier smelter sammen som en følge av såkalte konvergens-prosesser. Den andre gjelder bruken av digital kompetanse i det pågående reformarbeidet i skolen (Erstad 2005:12)

ITU (2009) ITU Monitor 2009 - Skolens digitale tilstand, Oslo, Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning, [internett] Tilgjengelig fra ITU: http://www.itu.no/filestore/Rapporter_-_PDF/ITU_monitor09_web.pdf [Lastet ned: 20.10.10]

Erstad, O. (2005) Digital kompetanse i skolen - en innføring. (2. utgave) Oslo, Universitetsforlaget

__________________________________________

- Inga