onsdag 27. april 2011

Web design

Eit godt og funksjonelt design på nettsider er avgjerande for korleis ein som "besøkjar" oppfattar innhaldet på sidene. Eit design som er tiltrekkande, vil skape truverdigheit, medan rotete, pulserande vil gje motsett inntrykk.

Morville-modellen definerer 6 viktige faktorar som må vere på plass for at brukaren skal få ut verdien av ei nettside:
1. Lett å finne att (findability)
2. Tilgjengelegheit (accessibility)
3. Attraktiv (desirability)
4. Brukarvennlegheit (usability)
5. Truverdigheit (credibility)
6. Nytteverdien (usefullness)


Eg har vald å ta for meg tre ulike nettsider, og skrive kort om kva inntrykk dei ga meg:

Horvei Elektro har ei veldig enkel nettside. Her finn du kontaktinformasjon og oversikt over ansatte. Etter min smak så er ho kanskje litt for enkel; eg saknar både informasjon om kva slag tenester dei utfører og autorisasjonar dei har. Dei kunne godt ha skreve om kva slags mål/visjon dei har får bedrifta. Som kunde hadde eg nok heller valgt ei bedrift som hadde meir informasjon om seg sjølv, og var meir aktiv mot potensielle kundar. Slike bedrifter verkar meir truverdige.
Tenkt målgruppe er kunder som treng elektrikarar. Her legg bedrifta opp til at kunden må henvende seg over telefon eller mail.

Lærende nettverk: ITU er ei seriøs side. Namnet i seg sjølv og oppbygginga av sida gjer at ein får inntrykk av at dette er truverdig. Frå før kjenner eg til ITU, og veit at dette er eit nasjonalt nettverk som går inn for å utvikle utdanningssystemet for at elevar/studentar og lærarar skal bruke digitale verkty i eit pedagogisk perspektiv. For ein som er ukjend med ITU, er det likevel mykje som vekkjer tillit på denne sida;
1. Oppgjev kjelder
2. Forfattarane er oppgjedd med namn (og bilete)
3. Det er fleire lenkjer til tema innanfor same område. Fleire knytt til Utdanningsdirektoratet.
4. Sida er lett å navigere seg og ein får lett oversikt over kva informasjon som er å finne.

Da eg opna nettsida ARNGREN vart eg "lamslått". Det er x antal reklamer og tilbud som dukkar opp på sida, og det er omogleg å få raskt oversikt over kva slag side dette er, anna enn at det er masser av ting som er til salgs. Det finst riktignok ei menyliste på høgre side, men denne er også veldig uoversiktleg. Om du trykkjer på ein av lenkjene på menysida kjem du inn på nok ei roteside.
Denne sida er noko av det mest uoversiktlege eg har sett, og ikkje berre er ho det, men det tek lang tid å laste ho inn pga alt som ligg der. Det finst ikkje noko informasjon om kva Arngren eigentleg er, noko som gjer at det heile kun verkar rotete og useriøst.



- Inga

Digitale verkty og tilpassa opplæring

- Mange har opplevd å få et nytt liv med data og tekniske hjelpemidler. Gode hjelpemidler gjør at en kan være trygg på det man gjør - uten å være avhengig av hjelp fra andre, seier Silje Hasle i Dysleksiforbundets sekretariat. (Dyslektikeren nr. 1, 2009, 31. årgang)

Eit av hovudområda i Kunnskapsløftet er tilpassa opplæring (TPO). Dette for å oppnå større grad av inkludering og likeverd - noko som er idealet for einskapsskulen. Med den nye læreplanen fekk lærarane større fridom til dette arbeidet, men det krevst at skulen må bli meir nytenkande, m.a. ved å sørgje for eit fellesskapsperspektiv. Digital kompetanse vil gje nokre nye inngangar til TPO-prinsippet, men dette krev at lærarane får den naudsynte kompetansen for å bruke dette rett.

Utdanninga må vere slik at den er tilpassa eleven, ikkje omvendt. Og det er dette som er kjerna i tilpassa opplæring. Dette krev eit system som er tilpassa for kvart individ og som byggjer på deira styrker, interesser, moglegheiter og behov. Da vil ein fremme engasjerte og sjølvstendige elevar som blir i stand til å utnytte potensialet sitt (oversett frå Green m.fl. 2006:3).

Kva kan digitale verkty gjere for TPO?
Lev Vygotsky meinte at læring er ein sosial prosess. Han var opptatt av den nærmaste utviklingssona (den proksimale utviklingssona); som er ein balansegang mellom kva barnet kan klare på eigahand og kva det kan klare med hjelp frå andre.
Figuren over viser kva område som er gjeldande i elevane si læring. Utfordringa for lærarane er å utnytte den proksimale utviklingssona, slik at denne etterkvart blir noko eleven meistrar sjølv.
Eg meiner at digitale verkty kan vere ei god støtte i dette arbeidet. Ved t.d. bruk av PC kan elevar støtte seg til dette for å kome vidare, og klare meir på eigahand. Dette først og fremst med overlæring og repetisjon.

Digitale verkty er også med på å gje ulike arbeidsmåtar og anna vinkling på det elevane skal lære. Det er høg motivasjonsfaktor, og bruk av ulike digitale verkty er noko mange har kjennskap til frå fritida. Dei har på denne måten også eit godt grunnlag for å vidareutvikle seg frå det nivået dei er på.
T.d. kan pedagogiske tekstar med multimodalitet lett tilpassast slik at dei møter elevane der dei er, og utvikle dei vidare frå det nivået. Ulike nettressursar har ferdiglaga oppgåver som er inndelt i nivå og tempo, noko som gjer det lett å differensiere og tilpasse ei større elevgruppe.

Tilpassa opplæring er noko kvar enkelt elev har krav på, uansett nivå. Men det er viktig å hugse på at dei digitale verktya ikkje løyser alt det dei med særskilde behov ikkje meistrar. Det er avgjerande at dei som skal bruke dette får grundig opplæring. Først då blir det eit hjelpemiddel!


- Inga
_______________________
Green, H., Facer, K., Rudd, T., Dillon, P. & Humphreys, P. 2006. Personalisation and Digital Technologies. London: Futurelab.

mandag 25. april 2011

Samansette tekstar

Samansette tekstar er innført i Kunnskapsløftet, og under norsk står det:
Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater. Hovedområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster. Å kunne lese en sammensatt tekst dreier seg om å finne mening i helheten av ulike uttrykksformer i teksten.”(UFD 2006).

Sjølv om dette står under norsk, skal alle dei grunnleggande dugleikane gjennomsyre alle fag,
og samansette tekster er noko som ein ofte møter i andre fag også. T.d. i matematikk: Mykje
samansett tekst i form av tabellar, diagram og illustrasjonar.

Creaza:
Eg har vald å vise korleis ein kan bruke teikneserie i skulen (samansette tekstar).
Det er mange av kompetansemåla i læreplanen som kan knyttast til bruk av teikneserie i skulen, her er nokre frå norskfaget:

Skriftlige tekster
- bruke datamaskinen til tekstskaping (etter 2. årstrinn)
- foreta informasjonssøk, skape, lagre og gjenhente tekster ved hjelp av digitale verktøy (etter 4. årstrinn)
- bruke digitale skriveverktøy i skriveprosesser og i produksjon av interaktive tekster (etter 7. årstrinn)

Samansette tekstar:- lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde (etter 4. årstrinn)- bruke digitale skriveverktøy i skriveprosesser og i produksjon av interaktive tekster (etter 7. årstrinn)


Creaza er eit nettbasert verkty, der elevar kan bruke fantasien for å skape, publisere og dele digitale forteljingar (www.creaza.com). Ulike sjangrar av teikneseriar er noko som fengar dei fleste unge, og ved å ta dette inn i skulen som ein del av læringsarbeidet vil gje positive opplevingar og motiverte elevar. Eg har frå før brukt Cartoonist, som også er ein del av Creaza. Cartoonist finn ein inne på Aschehoug sine nettressursar (www.lokus123.no). Fordelen med Creaza er at du kan lagre arbeidet ditt, dele det og hente det att og vidareutvikle det seinare.
I Creaza har ein fleire moglegheiter med tanke på kva type teikneserie du vil lage:

I tillegg til dei bakgrunnane som er i programmet,
kan ein laste opp eigne. Dette gjorde vi i mappeoppgåva M2 (gruppe), der vi laga eit tverrfagleg prosjekt om helleristningane i Vingen-feltet (Bremanger).









For dei yngre elevane har eg erfart at det er best og starte med noko heilt enkelt, som t.d. å lage teikneserie på bakgrunn av ein vits. Dette forutset at elevane forstår vitsen, og dei må velje bilete og karakterar som byggjer opp om poenget. Eg har laga eit døme på dette:

- Inga

fredag 15. april 2011

102, 3. samling

På 3. samling i DKL102, skulle vi (på gruppene) lage ein miniproduksjon - animasjonsfilm. Oppgåva var følgjande:

Miniproduksjon (animasjonsfilm)
Det dere skal gjøre:
1. Gruppa velger om de vil arbeide med eventyr eller reklame: lag kjennetegn (individuelt) på egen måloppnåelse ut fra: Lære først (Lav måloppnåelse) og Lære videre (Høy måloppnåelse). Lag tilsvarende for gruppa (mål som gruppa skal nå sammen)ag tilsvarende, men for en tenkt gruppe elever (velg trinn selv).

2. Velg mål (fra gruppemålarket) for gruppas arbeid og skriv inn i målark
Skriv et manuskript for animasjonen
Lag et storyboard for animasjonen
Gjennomfør arbeidet med animasjonen
Gjør en refleksjon ut fra målene (gruppemålarket) dere satt for arbeidet og skriv inn i refleksjonsarket

3. Presenter for oss (pass på å ta med i målarket: mål for egen presentasjon)


1. Først laga eg mitt målark:
Så laga gruppa eitt felles:

2. Vi valde ta for oss "Bukkane Bruse" som eventyr, og vi tok utgangspunkt i dette eventyret da vi laga manus. Storyboard'en vart sjåande slik ut:
S
..så sette vi i gang med å ta bilete til filmen:



Eigen refleksjon og kommentar til arbeidet:
Det som fyrst og fremst var vanskeleg var å arbeide under eit så hardt tidspress. Å lage ein animasjonsfilm med planlegging, gjennomføring og refleksjon var ikkje lett på 3 timar.
Når det gjeld sjølve filmen er eg ikkje særleg nøgd, og har under lista opp punkt eg meiner gruppa kunne gjort annleis:
1. Vi burde teke fleire bilete slik at det ikkje hakka så. Slik som filmen vart, blir det mest som ei biletframsyning.
2. Kombinasjonen av tekst og lyd som forteljar er ikkje heldig. Det skaper eit rotete og forvirrande inntrykk av filmen.
3. Vi spelte alle replikkane inn på eitt lydspor, noko som gjorde det vanskeleg å tilpasse bilete og lyd på ein god måte. Kvaliteten på lyden er heller ikkje god.
4. Windows Movie Maker var ikkje eit godt egna program for dette. Det kan vere at den versjonen eg hadde på PC-en ikkje var fullstendig. Hadde vi fått oppgåva på nytt, hadde eg heller foreslått å bruke VideoPad (frå DKL104).

Alt i alt var dette ei grei oppgåve, og eg vil nok prøve å lage animasjonsfilm med elevar i framtida. Det som er viktig er å gje dei god nok tid til planlegging, og at dei blir kjende med programvara som skal bli brukt.

- Inga

tirsdag 29. mars 2011

Arbeidskrav 3 (Videoproduksjon)

I arbeidskrav 3 (videoproduksjon), skulle vi lage ein kortfilm. Vi valde "Facebook i skulen" som tema, med Kva slags oppfatningar herjar om facebook, og korleis er dette i skulen? som problemstilling.

Sidan gruppa bur langt frå kvarandre, valde vi difor å lage ei nyheitsreportasje der kvar enkelt laga sitt innslag. Programmet kalla vi "Mediebrennpunkt". Dette programmet har lærarstudentar og lærarar som målgruppe.



Vår erfaring med dette arbeidskravet:
Gruppa har ulike forkunnskapar og ulik erfaring med videoproduksjon. Vi meiner at vi gjennom oppgåva har utfylt kvarandre og kome fram til eit godt produkt. I løpet av dette delemnet har vi vorte betre kjend med kva som ligg i produksjon av film, og vi er ivrige på å bruke dette i skulen. Videoproduksjon er motiverande, det aukar kreativiteten hjå elevane, samstundes som ein får knytta mange fag inn i ein slik produksjon.

- Inga

Give me some information, please!

På nett finst det som kjend x antal sider med ulik informasjon. Det er ikkje alltid like greitt å finne fram i denne jungelen. Startsider har lenge prøvd å hjelpe oss med å organisere det vi som konsumentar har interesse av, og har lenkjer til det som måtte vere mest relevant for "folk
flest". Men startsider har også mykjy informasjon, og det er ikkje alltid like relevant til ei kvar tid. Ved å opprette informasjonsnav, som t.d. Netvibes, kan du som brukar styre
informasjonsstraumen du vil ha inn. Gjennom Netvibes kan du abonnere på oppdateringar som blir sendt til din Netvibes-stad. Dette blir kalla RSS, som er ei teneste der det blir henta nyhendingar eller anna informasjon frå Internett fortløpande og automatisk. Du får på denne måten samla den informasjonen du ynskjer på ein stad (Netvibes), og sparar slik mykje tid og unødig leiting på nett.

Å bruke RSS-teknologi gjør at man kan håndtere store mengder informasjon som blir endres og oppdateres hele tiden, noe som anses som viktige ferdigheter i informasjonssamfunnet. (Harboe 2010: 168)

Informasjonsoppdateringar kan vere alt frå nyhendingar til bloggar. Netvibes har også fleire småprogram (widgets), som kan vere til nytte:

I Netvibes kan du (gjennom ein brukarkonto) ha eit privat og personleg informasjonsnav, og eit offentleg. Det offentlege kan vere eit flott verkty å bruke i skulen. I ei mappeoppgåve laga eg døme på korleis eit informasjonsnav i samfunnsfag kunne sjå ut: http://www.netvibes.com/krakereiret#Hovudside

Eg meiner at Netvibes er eit enkelt og veldig nyttig verkty i det daglege, og bruker dette som startside i nettlesaren min. Eg merker at eg bruker mindre tid på å rote rundt, og bli distrahert av det eg eigentleg ikkje har bruk for. Dette er heilt klart eit verkty eg etterkvart ynskjer å ta i bruk i undervisningssamanheng!

- Inga

______________

Harboe, L. (2010) Norskboka.no – Digitale verktøy i norskfaget. 2. utgave. Oslo: Universitetsforlaget

fredag 18. mars 2011

Take one - action!

Samlingsoppgåve i DKL104:
Gruppa mi tok utgangspunkt i ordtaket Ei fjør blir til ti høns, der vi skulle dramatisere ein situasjon på grunlag av dette. Kortfilmen skulle ikkje vare lenger enn 1-4 minutt.

Det første vi gjorde var å skrive ein synopsis. Synopsis er eit kort samandrag av filmen, med tema, konflikt/motstand, handlingsgong og personar.
Vår synopsis vart følgjande:
Temaet vårt er grunna i ordtaket Ei fjør blir til ti høns, konflikta blir når ryktet blir spredd og forverra undervegs. Personar som er med: Trine, Tine, Jacob og Inga i ulike roller. Handlinga i grove trekk: Trine er tenåring og startar ei rykte om Jacob, etter at ho har observert han med ei eldre kvinne. Dette seier Trine til Inga, som vidare fortel dette naboen sin, Tine. Undervegs legg kvar person på litt ekstra i ryktet. Tine fortel dette vidare til Jacob sine foreldre, som tilslutt konfronterar Jacob med ryktet.

Manus:
Vi valde å ikkje bruke Celtx til manusskriving, dette fordi vi følte at Google Docs er eit betre alternativ; her kan alle skrive og endre samstundes. Manuset inneheld kort om kvar scene (kvar og kven), og replikkar.






Før vi byrja å filme teikna vi eit storyboard:
Der teikna vi nydelege strekmenn for å vis korleis scena skulle sjå ut. Vi skreiv på kameravinkel og -bevegelse, utsnitt osb..

På biletet kan du sjå eit storyboard under produksjon-->






Så var det tid for filming. Vi gjekk ut og starta med scene 1, og jobba oss "nedover". Vi tok fleire opptak av dei fleste scenene slik at vi kunne klippe og lime om det skulle vere ynskjeleg. Vi gjorde også små endringar i forhold til manus.
Då vi kom attende og skulle overføre filmen til PC oppdaga vi at banden var skada, slik at både lyd og bilete hakka og var uklårt. Grunna dårleg tid, måtte vi berre gjere det beste ut av det, og filmen vart klipt, redigert og sett saman.

Eg vil konkludere med at dette var MOROSAMT! Eg har lite kjennskap til videoproduksjon frå før, men etter dette ser eg ljosare på å nytte dette i skulen. Eg har stor tru på at ein får veldig motiverte elevar, samstundes som ein får knytta mange fag inn i slike produksjonar.