onsdag 27. april 2011

Digitale verkty og tilpassa opplæring

- Mange har opplevd å få et nytt liv med data og tekniske hjelpemidler. Gode hjelpemidler gjør at en kan være trygg på det man gjør - uten å være avhengig av hjelp fra andre, seier Silje Hasle i Dysleksiforbundets sekretariat. (Dyslektikeren nr. 1, 2009, 31. årgang)

Eit av hovudområda i Kunnskapsløftet er tilpassa opplæring (TPO). Dette for å oppnå større grad av inkludering og likeverd - noko som er idealet for einskapsskulen. Med den nye læreplanen fekk lærarane større fridom til dette arbeidet, men det krevst at skulen må bli meir nytenkande, m.a. ved å sørgje for eit fellesskapsperspektiv. Digital kompetanse vil gje nokre nye inngangar til TPO-prinsippet, men dette krev at lærarane får den naudsynte kompetansen for å bruke dette rett.

Utdanninga må vere slik at den er tilpassa eleven, ikkje omvendt. Og det er dette som er kjerna i tilpassa opplæring. Dette krev eit system som er tilpassa for kvart individ og som byggjer på deira styrker, interesser, moglegheiter og behov. Da vil ein fremme engasjerte og sjølvstendige elevar som blir i stand til å utnytte potensialet sitt (oversett frå Green m.fl. 2006:3).

Kva kan digitale verkty gjere for TPO?
Lev Vygotsky meinte at læring er ein sosial prosess. Han var opptatt av den nærmaste utviklingssona (den proksimale utviklingssona); som er ein balansegang mellom kva barnet kan klare på eigahand og kva det kan klare med hjelp frå andre.
Figuren over viser kva område som er gjeldande i elevane si læring. Utfordringa for lærarane er å utnytte den proksimale utviklingssona, slik at denne etterkvart blir noko eleven meistrar sjølv.
Eg meiner at digitale verkty kan vere ei god støtte i dette arbeidet. Ved t.d. bruk av PC kan elevar støtte seg til dette for å kome vidare, og klare meir på eigahand. Dette først og fremst med overlæring og repetisjon.

Digitale verkty er også med på å gje ulike arbeidsmåtar og anna vinkling på det elevane skal lære. Det er høg motivasjonsfaktor, og bruk av ulike digitale verkty er noko mange har kjennskap til frå fritida. Dei har på denne måten også eit godt grunnlag for å vidareutvikle seg frå det nivået dei er på.
T.d. kan pedagogiske tekstar med multimodalitet lett tilpassast slik at dei møter elevane der dei er, og utvikle dei vidare frå det nivået. Ulike nettressursar har ferdiglaga oppgåver som er inndelt i nivå og tempo, noko som gjer det lett å differensiere og tilpasse ei større elevgruppe.

Tilpassa opplæring er noko kvar enkelt elev har krav på, uansett nivå. Men det er viktig å hugse på at dei digitale verktya ikkje løyser alt det dei med særskilde behov ikkje meistrar. Det er avgjerande at dei som skal bruke dette får grundig opplæring. Først då blir det eit hjelpemiddel!


- Inga
_______________________
Green, H., Facer, K., Rudd, T., Dillon, P. & Humphreys, P. 2006. Personalisation and Digital Technologies. London: Futurelab.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar