![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgzHZ0GypBN9kBbxgEuXevWqk7KqstRjNsw8t1N-apcqdQOxYZUie7xR9idNLGVwlGY0P6RjYRgiOrRduceu7Ky11yHQjHO-1GeVD2bF6yzkJ7bJnVGJ892Mzf9jv5JksKOCX7H5Eg6T1WV/s200/morville.png)
Morville-modellen definerer 6 viktige faktorar som må vere på plass for at brukaren skal få ut verdien av ei nettside:
1. Lett å finne att (findability)
2. Tilgjengelegheit (accessibility)
3. Attraktiv (desirability)
4. Brukarvennlegheit (usability)
5. Truverdigheit (credibility)
6. Nytteverdien (usefullness)
Eg har vald å ta for meg tre ulike nettsider, og skrive kort om kva inntrykk dei ga meg:
Horvei Elektro har ei veldig enkel nettside. Her finn du kontaktinformasjon og oversikt over ansatte. Etter min smak så er ho kanskje litt for enkel; eg saknar både informasjon om kva slag tenester dei utfører og autorisasjonar dei har. Dei kunne godt ha skreve om kva slags mål/visjon dei har får bedrifta. Som kunde hadde eg nok heller valgt ei bedrift som hadde meir informasjon om seg sjølv, og var meir aktiv mot potensielle kundar. Slike bedrifter verkar meir truverdige.
Tenkt målgruppe er kunder som treng elektrikarar. Her legg bedrifta opp til at kunden må henvende seg over telefon eller mail.
Lærende nettverk: ITU er ei seriøs side. Namnet i seg sjølv og oppbygginga av sida gjer at ein får inntrykk av at dette er truverdig. Frå før kjenner eg til ITU, og veit at dette er eit nasjonalt nettverk som går inn for å utvikle utdanningssystemet for at elevar/studentar og lærarar skal bruke digitale verkty i eit pedagogisk perspektiv. For ein som er ukjend med ITU, er det likevel mykje som vekkjer tillit på denne sida;
1. Oppgjev kjelder
2. Forfattarane er oppgjedd med namn (og bilete)
3. Det er fleire lenkjer til tema innanfor same område. Fleire knytt til Utdanningsdirektoratet.
4. Sida er lett å navigere seg og ein får lett oversikt over kva informasjon som er å finne.
Da eg opna nettsida ARNGREN vart eg "lamslått". Det er x antal reklamer og tilbud som dukkar opp på sida, og det er omogleg å få raskt oversikt over kva slag side dette er, anna enn at det er masser av ting som er til salgs. Det finst riktignok ei menyliste på høgre side, men denne er også veldig uoversiktleg. Om du trykkjer på ein av lenkjene på menysida kjem du inn på nok ei roteside.
Denne sida er noko av det mest uoversiktlege eg har sett, og ikkje berre er ho det, men det tek lang tid å laste ho inn pga alt som ligg der. Det finst ikkje noko informasjon om kva Arngren eigentleg er, noko som gjer at det heile kun verkar rotete og useriøst.
- Inga
Ikkje åleine om å verte lamslått av ARNGREN... Overveldande - intet mindre!
SvarSlett