fredag 17. september 2010

Fyrste innlegg: Presentasjon av medstudent

Ved fyrste samling i DKL 101, fekk vi i oppgåve å intervjue ein medstudent om kvifor h*n ville bli lærar og kvifor h*n valde Digital Kompetanse i Læring (DKL).

Eg prata med Trude S. Rogne frå Sykkylven. Ho går 3. året på allmenlærar ved Volda, og tek matematikk og naturfag i tillegg til DKL 101.
Trude valde å bli lærar fordi ho likar å vere i lag med ungar og undervise for dei.
Grunnen til at ho valde DKL er at ho ynskjer å ha ei plattform i IKT. Det blir meir og meir data, og ho ynskjer difor å halde tritt med utviklinga både i skulen og elles i samfunnet.

- Inga

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar