mandag 24. januar 2011

Digitale tankekart

Både gjennom eiga skulegang og seinare i yrkeslivet, har eg brukt mykje tankekart. Tankekarta har anten vorte laga på ark (både individuelt og gruppevis) i tillegg til felles tankekart på krittavla. Vel og bra det, men då vi i DKL101 lærde om digitale tankekart opna ei ny verd med moglegheiter seg:
- tankekarta var lett tilgjengelege (eg visste kvar eg skulle finne dei att, praktisk for ein rotekopp som meg).
- lett å gå inn å endre/leggje til informasjon - og oppsettet var likevel lett å halde ryddig og oversiktleg
- moglegheitene for å dele det med andre
(Eg har tidlegare skreve eit innlegg om dette).

Eg har stor tru på at mange elevar har stort utbytte av tankekart, det er ein oversiktleg måte å strukturere ulik informasjon. Eg nyttar dette ofte i undervisning, og då meir og meir Mindomo. Det er lett å bruke, både for elevar og lærarar. Eit par døme brukt i 3.-4. steg:
- Faktatekst. Vi snakkar om det vi trur teksta inneheld (ser på overskrift, bilete osb). Så skriv vi kva tankekartet skal heite. Så les vi gjennom teksta, kva meir fann vi ut? Fyller dette ut på tankekartet. Les enda ein gong. Fyller ut enda meir (gjerne med ei anna farge). Dette får elevar til å sjå at vi må lese faktatekster på ein annan måte, ofte fleire gonger for å "mjølke" ho for all relevant informasjon. Det at ein bruker ulike farger er for å illustrere/tydleggjere at det ikkje er nok å skumlese gjennom faktateksten. Etter at vi gjennomførte dette fleire gonger på lesekurs, vart elevane så bevisste på dette at dei laga eigne tankekart på eiga hand - med same strategi.
- Tema. I haust hadde vi Hinduismen som eit større tema, og elevane arbeidde på ulike måter med emnet. Til slutt laga vi eit tankekart over alt dei hadde lært. Elevane var veldig ivrige, og ville gjere tankekartet så stort som mogleg. Dette gjorde vi over fleire økter, og elevane las over det dei hadde gjort (dette på eiga iniativ). "Oi, sjå kor mykje vi har lært, da!" var ein av dei mange entusiastiske kommentarane. Dei var tydeleg stolte over all kunnskapen dei hadde tilegna seg. Det ein også kan gjere er å lage tankekart i byrjinga av tema, og fylle ut meir jamnt langs med arbeidet.
For betre oversikt over tankekartet til elevane, trykk her.

Eg har brukt digitale tankekart mest på tema og lesing, men vil etterkvart få dette meir inn i skriveprosessar; for å strukturere arbeidet med skrivinga av tekstar. Ein heilt klar fordel med å bruke digitale tankeverkty er at ein kan gjere små og store endringar undervegs og at det ikkje er avgrensa til strørrelsen på eit ark. Samstundes som det er mogleg å legge desse tankekarta i dei digitale mappene. Det eit flott arbeidsverkty som eg håpar at elevane kjem til å bruke ved seinare skulegang.

- Inga

tirsdag 18. januar 2011

Mediekompetanse

De unge, som må skape sin identitet i krysspresset mellom den stadig endrede mediekulturen og den galopperende nye medieteknologien, trenger mer enn verktøy. De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar. (Vettenranta, 2007:13)

Unge i dag har verda tettare inn på seg enn tidlegare; media har endra kvardagen til barn og unge. Media er med på definere oss, vår identitet, kultur og verda vi lev i.

Dagleg møter elevar globale verdsproblem. Eg meiner at alle desse møta, isolert sett, kan føre til at elevar får eit overfladisk forhold til omverda, og at empatien kan bli borte i alle inntrykka. Verda er veldig tett inn på, men samstundes er ho fjern frå norske barn si røynd.
Det er difor viktig at barn har personleg kontakt i læringssituasjonen, kanskje viktigare no enn før?
Lærerens omsorg for elever kan aldri erstattes av de mest avanserte PowerPoint-presentasjoner. (ibid:26)

Unge i dag er veldig inne i mediasamfunnet, samstundes som dei manglar ei mediekompetanse. Med mediekompetanse meiner vi “de kunnskaper, de ferdigheter og den kyndighet som er nødvendig for å tolke medier og medietekster gjennom analyse, evaluering og kritisk refleksjon” (ibid:18). I tillegg til dette er det viktig at elevane blir klare over kva rolle og ansvar dei har som mediebrukarar.

At barn og unge tilegnar seg ei mediekompetanse vil vere med på å støtte identitetsbyggjinga og danninga. Medieteknologien er ikkje eit nøytralt reiskap, men også noko som skapar vårt erfaringsgrunnlag, vår oppfatning av røynda og forståinga av oss sjølve (ibid:17). Forståing er ei forutsetning for å vere kritisk bevisste; dei må få dugleikar i å “lese” medium.

Vi som lærarar må tenkje gjennom korleis vi vil at elevane skal tilegne seg denne mediekompetansa: Kva oppfatning av røynda ynskjer vi at elevane skal få ved hjelp av informasjons- og kommunikasjonsteknologien? Greier vi å utvikle den kulturelle kompetansa og evna til empati og kristisk lesing av media? Kva med likestilling og likeverd?
Målet må vere å rettleie eleven på vegen mot å bli eit fullverdig medlem av samfunnet - også for framtida. Elevar som får analysere og reflektere kritisk over sine medieerfaringar vil få “et redskap i arbeidet med å oppdra til et demokratisk borgerskap” (ibid:27).

Kjelder:
Vettenranta, S. (red). 2007. Mediedanning og mediepedagogikk. Gyldendal Akademisk: Oslo

- Inga

fredag 14. januar 2011

Sosiale nettsamfunn inn i skulen?

I første samling i DKL102, fekk vi ei gruppeoppgåve der vi skulle drøfte verkemiddel og funksjonaliteten til tre ulike sosiale nettsamfunn. Vi la vekt på korvidt dei passa i skulesamanheng. Oppgåva skulle vi skrive i Wikispaces. Vi valde desse tre nettsamfunna:


Google Docs

- same konto opnar for å nytte ulike verkty (m.a. tekstdokument, rekneark, presentasjonar)
- chatte-funksjon

- høve til å dele dokumentet
- god kommentarfunksjon
- biletfunksjon
- lage og setje inn teikningar
- laste ned dokumentet i PDF og Word

- høve til å velje grad av publisering (privat, alle, større eller mindre grupper)
- sterk grad av "samtidighet" (umiddelbar oppdatering)
- eignar seg best for laging av ulike dokument


Ulemper:
- ikkje nynorsk stavekontroll
- få funksjonar samanlikna med andre tekstprogram, t.d. Word

Wikispaces
- opnar for samarbeid, men har ikkje like god funksjon på lagring og kjensla av "samtidighet" som ein finn i GoogleDocs
- meir tungvint biletfunksjon enn Google Docs (?)

- kan brukast til m.a. heime-, informasjons- og/eller temasider
- kan opne for at det vert ein lavare terskel for lærarar og føresatte til å bidra i heim-skule-samarbeidet

Ulempe:
- kan vere ei utfordring å ha oversikt/kontroll over innhaldet, (viktig med gode moderatorar og administratorar)



Facebook
- stort nettsamfunn

- låg terskel for å bruke verktyet, ein kjend areana for elevane, "lett" å koma i gang fordi ein møter elevane der dei er
- moglegheit for å opprette fagsider (grupper) og chat
- elevane kan bli meir mottakarbevisste på kva som skal leggast ut (nettetikette)
- mange språkval
- geomerking

Ulemper:
- blir mykje brukt som ein "useriøs" arena, der t.d. språket er svært munnleg
- lett å bli distrahert
- privat arena (som lærar: blanda roller)
- vanskeleg å føre den gode fagsamtalen, dette kan vere ein svært open arena
- geo-merking



Fellesnemnar for å nytte desse verktya i skulen:

- treffer ei større gruppe elevar. "Deira" arena, motivasjonsfaktor i det å vise fram eigne presentasjonar/produkt
- gode verkty til å produsere eit produkt med tanke på publisering
- brukar bestemmer kor mykje informasjon som skal delast
- nytte hypertekst og lenkjer for å navigere
- enkelt brukegrensesnitt
- elevane lærer av kvarandre i eit sosiokulturelt fellesskap
- individuell produksjon - sosial redigering
- publisering, ynskje om at ting ser bra og ryddig ut; elevane strekkjer seg lenger i høve til innhold og rettskriving
- kan og vere med på å minke graden av fusk og plagiat
- gratis og enkelt å opprette kontoar
- kan sjå historikken på dokumenta (sjå kven som har vore der og kva som har blitt gjort)
- kan arbeide med dokumenta både heime og på skulen (er ikkje låst til bestemte datamaskiner)



Kjelder:

http://wikiiskolen.wikidot.com/start


For å sjå oppgåva direkte i wikispace trykk her.


-Inga

tirsdag 11. januar 2011

Omsyn til den enkelte

Vi starta DKL 104 - Medieproduksjon i skulen med ein repetisjon av omsyn. Det er klart at dette emnet skal liggje til grunn for alt vi held på med i skulen. For at elevane skal få dette tidleg inn, er det klart at vi som lærarar må kunne opplyse om kva som er "OK" og kva som ikkje er det. Ein treng ikkje leite lenge før ein ser både vaksne leggje ut bilete ukritisk på t.d. Facebook. Det er ikkje lenger slik at "What happens in Vegas stays in Vegas". Verda har ikkje vorte mindre, men meir tilgjengeleg! Helgas morobilete er kanskje ikkje så artige måndagen etter eller om 1-2 år.

Eg vil vise til kva som står under føremål i samfunnsfag (henta frå udir.no):

Mennesket samhandlar gjennom språk og uttrykksformer som er prega av den kulturen dei veks inn i. Som reflekterande individ kan mennesket forme seg sjølv. Som politisk individ kan mennesket påverke omgjevnadene sine. Som moralsk individ er mennesket ansvarleg for konsekvensane av handlingane sine. Samfunnsfaget skal difor gje djupare forståing av forholdet mellom samfunnslivet og det personlege livet.



Under grunnleggande dugleiker i same fag kan vi lese:
Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbaserert kommunikasjon.

Eg ser at behovet for at dette skal få ein større plass i dagens skule er stort. Elevane blir yngre og yngre i sosiale media og treng difor å bli opplyste for å kunne beskytte sitt (og andre sitt) personvern - både for no- og framtida.

- Inga